|
Litt info om mine digitale bilder; som eg deler opp i 2: Malerier og grafik
Digitale malerier - med det meiner eg bilder som er malt på kvitt lerret på min computer.
Det blir malt med ulike teknikker, være seg olje, akryl, akvarell eller pastell.
Eg bruker trykkfølsom penn og Wacom redigeringsbord til dette arbeidet, og det er mi hand som gjer alt.
Forskjellen er at malekofferten og penslane/verktøyet ligg inne i min computer, så eg vert ikkje tilsøla av maling.
Digitalt maleri er ingen lettvinn løsning, det meste tek mykje lenger tid enn med den tradisjonelle malemåten.
Fordelen er at eg kan lagre arbeidet når eg er trøtt, starte på nytt og lage fleire bilder av eitt som er lagra - slik at det er større rom for eksperimentering undervegs.
Eg vil ikkje legge skjul på at det krevast god ferdighet med blyanten.
Når det gjelder malerier er det kun 1-ein original som vert printa ut på min storformat Epson professjonal-printer (8 farger som er lys/og fargeekte i ca.200år.) Printbredden er på 61cm - lengde opptil 2,3m.
Eg kan printe ut på lerret eller på akvarellpapir ettersom det høver.
Når eg printer det ferdige kunstverket ut på lerret kan eg også male vidare på bildet med olje eller akryl direkte på lerretet, og når alt er tørka, lakker eg med uv-bestandig ferniss.
Bilder på lerret(uten blindramme) eller akvarellpapir kan sendast i egna emballasje (rull).
Frakt skulle då ikkje overstige kr.135,-. I tillegg kjem kostnader til emballasje på ca.kr.50,-.
Innramming av kunstverket står kunden fritt, men eg kan gi gode råd om det ved forespørsel.
Digital grafikk og digitale teikningar:
Eg skiller mellom malerier og grafikk - fordi ved grafikk tenkjer eg meir enn ett bilde av samme sort. Alle grafiske arbeider vert nummererte.
Eg kan - ved printing av grafikken - lage små endringar (som ved vanleg grafikk)- i bildet slik at ingen er heilt like - men som bare blir sett ved samanlikning av anna bilde i serien.
Ved grafikk kan eg nytte også hjelpemidler ; foto som vert bearbeidde i tillegg til ege penne-arbeide.
Digitalgrafikk vert vanlegvis skrive ut på akvarellpapir, hovedsaklig i A4 og A3 format, men kan også gjerast i større format etter ynskje.
Det som skiller digitalgrafikk frå vanleg grafikk er: ingen helsefarlege etsevesker, løysemiddel og etsande farger på huda.
Eg unngår å sitte med et lager fordi bildet ligger på min computer og blir først fysisk ved bestilling.
Kunden har garanti for at det grafiske bildet vert printa ut i kun x-antall - fordi kvart blad vert nummerert med tittel og teknikk og signert. Har tenkt meg lave antall av kvar grafikkserie - maks 30 stk av kvar serie.
Digitale teikningar skiller seg ut frå grafikk ved at dei er kun laga i eitt eks. som ved malerier. Teiknar dei fritt med pennen på kvitt digitalt papir eller nyttar eit underlag av eige foto som forelegg.
Med teikning meiner eg teknikkar i blyant, kol, tusj og fargeblyanter, evt.også pastell eller blanda teknikk med det.
Grafikken/etsing og høgtrykk - som er lagt inn for salg her - er rester av tidlegare tradisjonell kobbergrafikk - som eg har på lager. Kjem aldri til å lage den typen grafikk meir - og har solgt djuptrykkspressa og alt utstyret forlengst.
Derfor selger eg bare ut opplagene (som er små) - er du først ute......
Generelle betingelsar ved kjøp av kunst:
Ved forskots-innbetaling til konto: Gratis frakt.
Ved kortbetaling og oppkravspakke: Frakt + emballasjekostnad, oppkravsgebyr ved oppkrav.
|