I år vert det utstilling på meg i Molde!

Eg er så takksam til Speidernes Hus i Molde at eg får stille ut ei retrospektiv maleriutstilling der i 4 dagar! Når ein har flytta til et nytt område er det ikkje alltid enkelt å finne galleri som har plass - no er det meir enn 5 år sidan eg kom hit - så eg gleder meg til dette høvet- at kan få vist mange av mine malerier, teikningar og grafikk til eit større publikum.

Håper det er mange kunstglade folk som vil komme, og sjå ka eg baler med.

Det er feil og sei at eg baler - for kunsten / fargane og det å få arbeide med dei enkelte bildene som gir meg den store gleda og masse energi.

Håper eg kan få dele den energien med deg og masse andre med; GLEDE er stikkordet!

Bare det å lage til plakaten var et knutefullt arbeid. Så lenge sidan sist eg gjorde slikt at eg heilt hadde glømt ut koleis eg  skulle få det til.... men eg håper resultatet er leseleg og at fargane mine vil få deg til å ta turen oppover bakken fra Roseby, kort veg derfra. Smiler stort

Har skrive lister for å huske det meste no, mange ting som skal lagast til av både det eine og det andre. Kjem tilbake og skriv litt kanskje... Ha ein fin kveld - og husk å ta med deg noken og kom på besøk på utstillinga då?

 

No er alt i orden her - på begge web-sidene mine!

Kjempeglad for at det funker og er lett og endre,føye til og meire til.

Til no - prater eg berre med meg sjølv her - men håper på at dette forumet kan gi andre lyst å komme med innspel på likt og ulikt.

Fargane ute vert gulare og vakrare for kvar dag - veldig maleriske!!!

Gå ut i naturen og la den snakke til deg, vise deg kor vakker denne tida på året er. Velkommen tilbake hit for en liten prat!
Sylvia Victoria

Dette bildet har eg lånt fra Fjesboka - for å illustrere kva eg tenkjer med denne sida mi.

Her på denne sida vil eg gjerne at du spør om ting eller vil ha svar på spørsmål -

om bilder - kunst - materialer og mykje meir.
Eg ynskjer meg ei open og aktiv side -  heilt enkle eller vanskelege problemstillingar...
Du bestemmer, bare skriv inn ditt spørsmål eller påstand - så er vi igang.

Nettopp så uformelt som en prat mellom to venner - venter spent.

Må bare fortelle at sidene her er i endring og at eg skal bytte domene - nemleg tilbake til det eg har hatt i mange år ellers .

Så følg med - eg håper det går enkelt og greitt. 

Håper det ikkje medfører stopp i webben min. Vinker