Litt av kvart i eit kunstnarliv og tankar....

30. nov, 2016

Mykje vart annerleis i 2016.

Tida fyk fort når ein avslutter eit boforhold og flytter til ny stad.

Strevsomt og likevel spanande å starte på ny frisk med nytt hus og sleppe alle ferjene som var på øya der eg heldt til før.

Har fått det meir sentralt og sosialt, nye venner og ein maleklubb ilag med dei som deler mine interesser i maling.

Det vil ta tid å få alt i orden etter den store omveltinga som flytting er - men vi trives godt og dei gamle vennene våre finn oss også her!

Skal kome att med meir info om hendingar som skal finne stad i det nye året som er på veg. Tur til hytta vart det mindre av i år, skal ta det igjen neste år - håper vi. Får jo kortare veg her frå vår nye heim!

Vi helsar alle som fylgjer med på nettgalleriet mitt her - ei fin adventstid og ei roleg og fredfull julehøgtid, og alle dei beste ynskjene for det året som kjem.

 

2. mar, 2016

Endeleg i starten av mars 2016 - har eg fått bøtt litt på dårleg samvit over å ha forsømt disse websidene mine over lengre tid!  Merkeleg kor fort dagane og timane går... medan det synes som tida står stille når snøen berre lavde ned!

No minkar det på marka med snø, eg kan nesten sjå at naturen lovar meg - snart kjem våren!!!

Men det beste er å få klargjort litt av dei bildene eg har arbeidd med slik at eg kan legge dei inn her. Ohij... eg puster litt lettare no!

Og så er eg glad for at handa mi og penslane mine funker som dei skal, ingen sjølsagt ting det når ein vert eldre. Opplevde i fjor at min dyrebare telefon berre glei ut av neven heilt umotivert - opna seg og falt rett i asfalten - krasja glass! Men det var første og forhåpentleg siste gong at eg  knuser slikt. No har eg ei god veske å ha den i med solid reim til handleddet.... så eg vonar det beste.

Legger ved foto av uthuset i Finnskogen - det står der og ventar på at vi kjem no til våren, skal bli kjekt å sjå det att. Rydde vekk nedsaga tre og greiner og nyte naturen og stillheten i skogen. Blir nok fleire skogsbilder etterkvart, kanskje får eg sjå den berømte kvite elgen og? Kan jo håpe. I mens får ein førebu seg på våren her heime og, eg skal iallfall ikkje gå på ski!  Nyt dagane!

 

29. aug, 2015

Kor for tektsten hen -  eg sat og skreiv ein del??? Dette vert 3.gongen eg prøver få bokstavane til å sitte her!

Tusen takk til Speidernes venner i Molde for leige av triveleg lokale og kunstkafe under utstillinga eg hadde der i februar 2015. Takk til Budstikka for omtale og takk til alle kjende og ukjende som kom for å sjå og handle med meg.

Det var eit tresiffra tal besøkande trass i alle typar vær - småplussgrader,regn og litt sol, og siste dagen med minus og snø!  Lyse trivelege lokale som eg anbefaler til andre å prøve.

Eg laga separatutstilling for siste gong og for å markere at no er eg 75 år og det får være nok! Male meir??? Så klart eg skal, det handler om å leve livet mitt. Eg er stadig nysgjerrig på nye teknikkar,uttrykk og fargane vil alltid være ein del av livet mitt!

Så heldig eg er!

29. aug, 2015
1. feb, 2015

Her er plakaten for min utstilling i Speidernes HUS , Fjellbruvegen 17, MOLDE.

Vernissage/opning torsdag 19.februar kl.18

Ta med deg alle du kjenner og kom til min retrospektive utstilling for min 75års feiring!
Her vil eg vise både smått og stort, alle dei teknikkar eg arbeider med.

Sjølsagt er det salgsutstilling, men det er gratis å komme inn og sjå!
Ta deg litt tid, kos deg med kaffe m.m. som speiderne ordner med og bruk litt tid på sjå.

Ikkje alt ein ser med det samme.
Utstillinga vert open fredag, laurdag og sundag med.

Du er hjerteleg velkommen.