10. jan, 2017

Nytt år og nye moglegheiter!

Eit lite portrett malt på min Samsung note4 - prøver ut og teiknar i ledige stunder - tid for ettertanker innan kunsten.
Kor vil eg hen? Har nyleg oppgradert malekassa mi - den digitale, og den krever litt øving før eg vert nøgd - om eg vert det då.
Lover fleire akryl-malerier på lerret - gleder meg til vi starter oppatt etter nyttår i den lokale maleklubben Picasso! Godt selskap med kjekke malevenner og mykje inspirasjon undervegs! Sjølsagt kaffepauser og god prat også!

Har satt meg eit lite nyårsforsett - og vil ikkje sei kva det er før eg ser kor vegen går henne. Handlar mykje om å nytte tida godt. Ellers er ikkje alt på plass etter den store flyttinga enno - men det går seg til!

Vi pensjonistar er jo heldig som disponerer tida sjølve - men eg trur noken har kutta på lengda av timae - dei flyg så fort! Eller er det eg som er vorten langsommare kanskje?
Jula har eg rydda ut, men har endel kaker att...godt med ein kaffisup til avisa. Så der er vel litt av tidstjuvane kanskje? Heldigvis gjer eg som eg vil!!!

Nei, no er det praktisk arbeide som skal til - data-arbeidet tek litt tid det og.Veldig kjekt om du har synspunkt på kludringa mi her, tek gjerne imot innputt!

Ha ein fine dag du og!