4. des, 2016

Maleplassen min....kvar er no den?

Eg maler ved kjøkenbordet når eg ikkje skal bake eller gjerde nødvendige syssler der,  og der høver det best med akvarellskrinet mitt som ikkje tek så stor plass!

Akvarell er jo gjennomskinnelege fargar og vatten er nært tilgjengeleg i kjøkenvasken!

Har mange ulike fargeskrin men den store paletten med tubefarger i god kvalitet er jo favoritten!!!  Her kan det blandes og malast med mykje eller lite vatten i penselen. 

Blir inspirert berre av å sjå dei vakre fargane og resten går av seg sjøl etter mange års trening.

Er jo byrja bli ei gammal dame etterkvart - har malt i 38 år med akvarell! Utrulig kor fort den tida har gått!

Er takknemlig for kvar maledag og godt syn til å glede meg over dei flotte nyansene. Akvarell kallast "kunsten for den kresne".