2. mar, 2016

Langt inn i 2016....

Endeleg i starten av mars 2016 - har eg fått bøtt litt på dårleg samvit over å ha forsømt disse websidene mine over lengre tid!  Merkeleg kor fort dagane og timane går... medan det synes som tida står stille når snøen berre lavde ned!

No minkar det på marka med snø, eg kan nesten sjå at naturen lovar meg - snart kjem våren!!!

Men det beste er å få klargjort litt av dei bildene eg har arbeidd med slik at eg kan legge dei inn her. Ohij... eg puster litt lettare no!

Og så er eg glad for at handa mi og penslane mine funker som dei skal, ingen sjølsagt ting det når ein vert eldre. Opplevde i fjor at min dyrebare telefon berre glei ut av neven heilt umotivert - opna seg og falt rett i asfalten - krasja glass! Men det var første og forhåpentleg siste gong at eg  knuser slikt. No har eg ei god veske å ha den i med solid reim til handleddet.... så eg vonar det beste.

Legger ved foto av uthuset i Finnskogen - det står der og ventar på at vi kjem no til våren, skal bli kjekt å sjå det att. Rydde vekk nedsaga tre og greiner og nyte naturen og stillheten i skogen. Blir nok fleire skogsbilder etterkvart, kanskje får eg sjå den berømte kvite elgen og? Kan jo håpe. I mens får ein førebu seg på våren her heime og, eg skal iallfall ikkje gå på ski!  Nyt dagane!