29. aug, 2015

Etter separatutstillinga 2015 i Molde.

Kor for tektsten hen -  eg sat og skreiv ein del??? Dette vert 3.gongen eg prøver få bokstavane til å sitte her!

Tusen takk til Speidernes venner i Molde for leige av triveleg lokale og kunstkafe under utstillinga eg hadde der i februar 2015. Takk til Budstikka for omtale og takk til alle kjende og ukjende som kom for å sjå og handle med meg.

Det var eit tresiffra tal besøkande trass i alle typar vær - småplussgrader,regn og litt sol, og siste dagen med minus og snø!  Lyse trivelege lokale som eg anbefaler til andre å prøve.

Eg laga separatutstilling for siste gong og for å markere at no er eg 75 år og det får være nok! Male meir??? Så klart eg skal, det handler om å leve livet mitt. Eg er stadig nysgjerrig på nye teknikkar,uttrykk og fargane vil alltid være ein del av livet mitt!

Så heldig eg er!