Litt av kvart i eit kunstnarliv og tankar....

10. jan, 2017

Eit lite portrett malt på min Samsung note4 - prøver ut og teiknar i ledige stunder - tid for ettertanker innan kunsten.
Kor vil eg hen? Har nyleg oppgradert malekassa mi - den digitale, og den krever litt øving før eg vert nøgd - om eg vert det då.
Lover fleire akryl-malerier på lerret - gleder meg til vi starter oppatt etter nyttår i den lokale maleklubben Picasso! Godt selskap med kjekke malevenner og mykje inspirasjon undervegs! Sjølsagt kaffepauser og god prat også!

Har satt meg eit lite nyårsforsett - og vil ikkje sei kva det er før eg ser kor vegen går henne. Handlar mykje om å nytte tida godt. Ellers er ikkje alt på plass etter den store flyttinga enno - men det går seg til!

Vi pensjonistar er jo heldig som disponerer tida sjølve - men eg trur noken har kutta på lengda av timae - dei flyg så fort! Eller er det eg som er vorten langsommare kanskje?
Jula har eg rydda ut, men har endel kaker att...godt med ein kaffisup til avisa. Så der er vel litt av tidstjuvane kanskje? Heldigvis gjer eg som eg vil!!!

Nei, no er det praktisk arbeide som skal til - data-arbeidet tek litt tid det og.Veldig kjekt om du har synspunkt på kludringa mi her, tek gjerne imot innputt!

Ha ein fine dag du og!

4. des, 2016

Eg maler ved kjøkenbordet når eg ikkje skal bake eller gjerde nødvendige syssler der,  og der høver det best med akvarellskrinet mitt som ikkje tek så stor plass!

Akvarell er jo gjennomskinnelege fargar og vatten er nært tilgjengeleg i kjøkenvasken!

Har mange ulike fargeskrin men den store paletten med tubefarger i god kvalitet er jo favoritten!!!  Her kan det blandes og malast med mykje eller lite vatten i penselen. 

Blir inspirert berre av å sjå dei vakre fargane og resten går av seg sjøl etter mange års trening.

Er jo byrja bli ei gammal dame etterkvart - har malt i 38 år med akvarell! Utrulig kor fort den tida har gått!

Er takknemlig for kvar maledag og godt syn til å glede meg over dei flotte nyansene. Akvarell kallast "kunsten for den kresne".

4. des, 2016

Malerommet mitt er førebels ikkje i ordna former etter den store flyttinga.

Men planane er lagt og rommet skal bli godt utnytta når alle hyller er på plass. Som det er no - vert det kjøkenmaling og maleklubb som blir brukt til den utfoldinga.

Men sjølsagt den digitale malekassa mi er med som vanleg.

Dei fysiske malepenslane dukka brått fram i ein stor sekk - godt vekkgjømde, men eg fann,eg fann!!!

Livet går som det skal når eg får jobbe med fargar og uttrykk - hurra for farger og penslar!

30. nov, 2016

Mykje vart annerleis i 2016.

Tida fyk fort når ein avslutter eit boforhold og flytter til ny stad.

Strevsomt og likevel spanande å starte på ny frisk med nytt hus og sleppe alle ferjene som var på øya der eg heldt til før.

Har fått det meir sentralt og sosialt, nye venner og ein maleklubb ilag med dei som deler mine interesser i maling.

Det vil ta tid å få alt i orden etter den store omveltinga som flytting er - men vi trives godt og dei gamle vennene våre finn oss også her!

Skal kome att med meir info om hendingar som skal finne stad i det nye året som er på veg. Tur til hytta vart det mindre av i år, skal ta det igjen neste år - håper vi. Får jo kortare veg her frå vår nye heim!

Vi helsar alle som fylgjer med på nettgalleriet mitt her - ei fin adventstid og ei roleg og fredfull julehøgtid, og alle dei beste ynskjene for det året som kjem.

 

2. mar, 2016

Endeleg i starten av mars 2016 - har eg fått bøtt litt på dårleg samvit over å ha forsømt disse websidene mine over lengre tid!  Merkeleg kor fort dagane og timane går... medan det synes som tida står stille når snøen berre lavde ned!

No minkar det på marka med snø, eg kan nesten sjå at naturen lovar meg - snart kjem våren!!!

Men det beste er å få klargjort litt av dei bildene eg har arbeidd med slik at eg kan legge dei inn her. Ohij... eg puster litt lettare no!

Og så er eg glad for at handa mi og penslane mine funker som dei skal, ingen sjølsagt ting det når ein vert eldre. Opplevde i fjor at min dyrebare telefon berre glei ut av neven heilt umotivert - opna seg og falt rett i asfalten - krasja glass! Men det var første og forhåpentleg siste gong at eg  knuser slikt. No har eg ei god veske å ha den i med solid reim til handleddet.... så eg vonar det beste.

Legger ved foto av uthuset i Finnskogen - det står der og ventar på at vi kjem no til våren, skal bli kjekt å sjå det att. Rydde vekk nedsaga tre og greiner og nyte naturen og stillheten i skogen. Blir nok fleire skogsbilder etterkvart, kanskje får eg sjå den berømte kvite elgen og? Kan jo håpe. I mens får ein førebu seg på våren her heime og, eg skal iallfall ikkje gå på ski!  Nyt dagane!